Vi er i ei tid der vi endeleg har starta å prate om ein meir praktisk skole. Ei tid der vi har tatt inn over oss at ikkje alle lærer best frå ei bok eller eit nettbrett. Ei tid då vi endeleg ser ut til å ha skjønt at leiken er ein av dei aller viktigaste måtane vi lærer på. Og så kjem altså Høgre med eit forslag om meir skole. Ja, eg veit at Høgre er eit konservativt parti, men det får då vere måte på.
Av Pål Julius Skogholt, førstekandidat for Troms SV
I SV meiner vi at den reformen vi treng i skolen no er fleire tilsette og rom for ein meir praktisk skole. Vi må styrke leiken si rolle, særleg i første og andre klasse. Fleire tilsette i skolen er ein føresetnad for å få dette til. Høgre sitt forslag om å redusere skattane, mest for dei som allereie har mest, gjer dette vanskeleg. Skal vi få fleire tilsette i skolen, ein meir praktisk skole og rom til meir leik i skolen og SFO, så treng vi pengar til å investere i skolebygg, i skolegardar og i fleire tilsette i skolen.

Høgre foreslår store skattelettar for dei som har aller mest. Dette er gammaldags politikk, som vi veit ikkje fungerer. Solberg-regjeringa reduserte skatte- og avgiftsnivået med 34 milliardar kroner mellom 2013 og 2021. Dei 1000 rikaste i Norge fikk meir enn 1,5 million kroner i skattekutt kvar, mens mesteparten av befolkninga ble avspist med småpengar.
Det er ikkje rett at butikkmedarbeidarar og sjukepleiarar betalar sin andel skatt, mens dei aller rikaste blir nullskattytarar. Høgres kutt i formueskatten vil frita dei rikaste som lever av å eie og ikkje av å arbeide frå skatt.
Formuesskatten blir i all hovudsak betalt av dei rikaste i landet. Om lag 2/3 av formuesskatten blir betalt av den rikaste prosenten i Noreg. I tillegg veit vi at dei rikaste ikkje bur på bygdene i Noreg, dei bur i hovudsak i og rundt Oslo. Å senke formuesskatten svekker evna vår til å finansiere velferdsstaten. Skatteletta går ikkje berre til dei rikaste folka, men og til dei rikaste områda i Noreg.
I SV sitt skatteopplegg går skatten markant ned for dei med dei lågaste inntektene i Noreg, medan dei som har mest må bidra meir. Det vil vere med på å skape eit samfunn med mindre ulikskap i Noreg. Det er viktig fordi vi veit at stor ulikskap bryt ned tilliten i samfunnet. Tillit heng igjen saman med kriminalitet, og lykka i samfunnet.
Noko av det aller viktigaste for å få eit samfunn med små skilnader mellom folk er gode universelle velferdsordningar. Derfor har SV prioritert og fått gjennomslag for blant anna:
- Ein kraftig auke i barnetrygda frå 1083 kroner til 1766 kroner for barn over seks år
- Barnehageprisen går ned med 800 kroner i månaden frå 1. august
- Det er blitt gratis halvdagsplass i SFO for 1.-3. trinn
- Retten til feriepengar for dei som har dagpengar er gjeninnført
- Barnetillegget i uføretrygda er gjeninnført
- Minstepensjonen for einslege er auka med 10 000 kroner
- Bustøtteordninga er styrka
Samla sett betyr dette meir for økonomien til mange enn all foreslått skattelette frå høgresida. Er du einig? Stem SV i stortingsvalet 8. september!