Av Pål Julius Skogholt, stortingskandidat for Troms SV
Dei siste 20 åra har det blitt større skilnader mellom folk i Noreg. Den rikaste ti-prosenten eig no over 50 prosent av den totale formuen i Noreg, og vi ligg no på toppen av formuesulikskap i Europa. Store forskjellar er gift for trygge, produktive og tillitsfulle samfunn. Derfor har SV lansert ein plan for kva vi vil gjere for å få ned ulikheita dei neste fire åra.
Redusere matprisane. Ein familie med to barn bruker over 44 000 kroner meir på mat og drikke enn i 2021, medan daglegvarekjedene har milliardoverskot. Derfor vil SV splitte opp dei største matvarekonserna og regulere dei for å få ned matprisane.

Foto: Marius Fiskum
Styrke barnefamiliane sin økonomi. Barnefamiliar slit med å få endene til å møtast i dyrtida. Kvar veke går barnehagerekningar til inkasso. I 2024 gjekk 712 barnehagerekningar til eigeninkasso i Tromsø, og meir enn 30 000 vart purra minst ein gong. Derfor vil SV styrke barnefamiliane sin økonomi ved å gjere barnehagen gratis, innføre gratis skulemat og auke barnetrygda til 30 000 kroner i året for alle barn.
Fullføre tannhelsereforma Dei siste fire åra har SV i forhandlingar med regjeringa sørga for at over ein halv million unge menneske under 28 år har fått billegare tannhelse. Men vi vil at tannhelsereforma skal fullførast, slik at det ikkje kostar meir å gå til tannlegen enn til fastlegen. SV vil i første omgang prioritere dei som treng det aller mest, som eldre over 75 år, dei med store utfordringar og unge som treng tannregulering.
Ingen skal leve i fattigdom I dag er det 30 000 som er i arbeid i Noreg og samstundes mottek sosialhjelp. Vi skal ikkje ha arbeidande fattige i Noreg. SV vil auke sosialhjelpa til eit nivå det går an å leve av i Noreg, auke minsteytingane og minstepensjonen med 1000 kroner i månaden.
Gi fleire betre og billegare bustad SV vil byggje minst 30 000 nye bustader i året for å sikre nok bustader til folk, og stramme inn på reguleringa av airbnb som pressar folk ut av bustadmarknaden. Ein heim skal vere til å bu i, ikkje til å spekulere med.
Auke skatten for dei aller rikaste i Noreg For å få ned ulikheita, må nokre få meir inntekt og lågare levekostnader enn dei har i dag, samstundes som dei aller, aller rikaste og store selskapa må bidra meir. I dag betaler dei aller, aller rikaste mindre skatt per hundrelapp dei tener enn det lærarar og sjukepleiarar gjer. Det er ikkje rettferdig. Vår plan for å redusere ulikskap betyr derfor å omfordele frå dei aller rikaste, slik at dei fleste får betre råd i kvardagen og vi styrker velferdstenestene våre.
Med denne planen vil vi bruke 30 milliardar kroner på at folk skal få betre råd. Ei omfordeling frå dei som har aller, aller mest – til alle andre. Vårt mål er at alle i Noreg skal ha råd til mat på bordet, leve økonomisk trygge liv og at ingen lever under fattigdomsgrensa.