Forsvar og beredskap i nord
Vedtatt i fylkesårsmøte 18.2 2024.
Noreg er framleis tent med lågspenning i nord. Men vi som småstat er også avhengig av at stormakter ikkje skal kunne ta seg til rette med makt, og må følgje internasjonale reglar. Russland må avslutte den ulovlege angrepskrigen på Ukraina.
Troms er eit av landets viktigaste forsvarsfylke. Vi må basere forsvaret av Nord-Noreg på norske soldatar, og ikkje ha fast stasjonerte allierte styrkar på norsk jord i fredstid. Norsk forsvarsevne må vera sterk og truverdig. Hærens tyngdepunkt i Troms utgjer ikkje ein offensiv trussel mot Russland, og derfor vil plasseringa av styrkane bidra til lågare spenning.
I tillegg til tradisjonell forsvarsmessig beredskap, må vi også sjå behovet for beredskap i andre samanhengar, enten det er aukande ekstremvêr grunna klimaendringar, eller andre krisesituasjonar. Her har det desentraliserte Heimevernet ein viktig rolle i krisesituasjonar. Samtidig må heile befolkninga settast i stand til å bidra til beredskap. Eit vernepliktsbasert folkeforsvar gjer samfunnet meir robust, og sikrar samtidig at ein større del av medlemmane i samfunnet kan ta del i den opne forsvars- og sikkerheitsdebatten. Opplæring i beredskap kan for eksempel skje gjennom ein utvida sesjon til førstegongsteneste, der alle får opplæring i førstehjelp, beredskap og tryggleik.
Kystvakta og redningstenesten er ein viktig del av fredstidsarbeidet til Forsvaret i Nord. Kystvakta må framleis operere ut frå Nord-Norske hamner, og heile Forsvaret må kunne bruke nasjonale og regionale verft og leverandørar for å sikre framtidig beredskap.
Troms SV vil:
- At forsvaret framleis skal basere seg på verneplikt og førstegongsteneste,
- At en skal vurdere en generell opplæring i førstehjelp, beredskap og sikkerhet for alle innbyggere som ikke er tilknyttet verneplikt. Dette kan ivaretas gjennom dagens system for tjenesteplikt
- At vi skal ha eit sterkt nasjonalt landforsvar med Hæren og Heimevernet, der Hærens tyngdepunkt framleis skal ligge i indre Troms. Allierte styrker skal ikkje stasjonerast fast på norsk jord i fredstid.
- Sikre Kystvakta i Nord.
- At regionale aktørar skal kunne levere tenester til Forsvaret. Norske militære fartøy må byggast i Noreg.
- Arbeide for at Norge sier nei til utenlandske baser i Norge. Avtalen med USA om baser gir opp norsk suverenitet og reduserer Norges muligheter til å kontrollere hvilke våpen som finnes i Norge og bidrar til auka spenning i nordområdene.
- Bidra til et nordisk samarbeid i NATO om Norden som atomfri sone, og for at NATO skal si fra seg førstebruksdoktrinen om atomvåpen – at NATO åpner for å være først til å ta i bruk slike våpen i en krig.
- Styrke Luftforsvarets kontroll- og varslingssenter i Sørreisa for å sikre overvåkning og kontroll av luftrommet over og i nærheten av norsk territorium og NATOs yttergrense.