Det var torskekrisa på slutten av 90-talet som gjorde meg interessert i politikk for alvor. Forskjellane vart så tydelege, dei som fekk fiske, dei som hadde inntekt og dei som ikkje hadde. Alltid etter det har fordelinga av ressursar, pengar og makt vore sjølve drivkrafta i korfor eg held på med politikk.
Eg kom til Tromsø i 1990, og med nokre små unntak har eg budd her sidan då. Her traffa eg ho eg gifta meg med og fekk tre ungar saman med.
Forskjellane i Noreg aukar. Dei rikaste stikk frå og deltar ikkje med sin rettmessige andel i det spleiselaget som velferdsstaten er. Derfor meiner eg at det er rett at dei som har mest skal bidra meir til samfunnet. Det er ikkje rettferdig at ein vanleg lønsmottakar betaler ein større andel av inntekta si i skatt enn dei som har aller mest.
Arbeidslivet stiller store krav til oss, men mange opplever at det ikkje er samsvar mellom dei krava som blir stilt og dei ressursane som finst til å løyse oppgåvene. Dette er kanskje aller tydelegast i yrker der ein jobbar med mennesker. I skolen og barnehagen, i eldreomsorgen og på sjukehusa, i barnevern og miljøteneste. Derfor er det så utruleg viktig for meg å styrke dei offentlege velferdfstenesten. Å sørge for at det er nok folk på jobb til å kunne gjere ein god jobb. Eg har ganske lang erfaring med komnmunepolitikk og trange kommunale budsjett. Noko av det aller viktigaste for meg om eg kjem på Stortinget blir å jobbe for at kommunane får ressursar til å løyse oppgåvene sine på ein god måte utan å slite ut dei tilsette.
I ei uroleg verd og i ei verd der vi ikkje lenger kan stole på USA er det viktig å styrke det norske forsvaret. Men det grunnleggande må vere at dte norske forsvaret skal vere til å forsvare Noreg og ikkje ein del av stormaktrivaliseringa. Derfor treng vi at norske fregattar er på jobb i Barentshavet, ikkje at dei seglar i Stillehavet. At vi minskar avhengigheita av USA ikkje gjennom å auke den ved å tillate amerikanske basar på norsk jord i fredstid.
Nord-Noreg er på mange måtar bygd på fiskeria. Derfor er framleis fiskeri- og havbrukspolitikken grunnleggande både for næringsliv og for nordnorsk sjølvforståing og kultur. For meg er det viktig at ressursane langs kysten skal tilhøyre kystbefolkninga og at det ikkje er tilgangen på kapital som avgjer. Derfor stør vi oppunder kystflåten, derfor vil vi stille krav til oppdrettsnæringa slik at dei kan drive på ein god måte utan å øydelegge for villaks eller ha utslepp i fjordane våre.
Dersom du stemmer SV i årets val her i Troms så får du ein representant som konsekven står på vanlege folk si side mot pengeinteressar og byråkrati.
Følg meg på sosial media: