Skrive av 1. kandidat til stortingsvalet Pål Julius Skogholt
Sidan 1980-talet er innsiget av laks til norske elver blitt halvert. I år er dei strengaste reglane for laksefiske nokon gong innførte.
Den største trusselen mot villaksen er lakseoppdrett, i tillegg til mellom anna klimaendringar, kraftutbygging og pukkellaks. Lakselus smittar over på villaksen, og rømming av oppdrettslaks fører til genetisk innblanding. Situasjonen for villaksbestanden er kritisk, og det må gjerast omfattande tiltak for å berge han.
Noreg er verdas nest største eksportør av sjømat, der oppdrett står for 70 prosent. Næringa skaper arbeidsplasser og inntekter, men det har også hatt sin pris. Produksjon av oppdrettslaks i opne merdar har ført til at mange oppdrettslaks har rømt og funne vegen til elvane for å gyte.
Etter at 27.000 laks rømde frå Mowi sitt anlegg utanfor Dyrøya i vinter, blir det no fiska store mengder oppdrettslaks i lakseelvane i regionen. Villaksbestandar med stor innkryssing av gen frå oppdrettslaks har høgare dødelegheit, både ved at fleire fisk døyr i havet og færre smolt vandrar ut. Dei vert rett og slett dårlegare tilpassa livet i det fri. Tettheita av lakseoppdrett ved nærliggande elvar aukar sjansen for genetisk innkryssing.

Eit av tiltaka for å redde villaksen er å stille strengare krav til oppdrettsnæringa. Utsleppsfrie oppdrettsanlegg vil hindre rømming av fisk og hindre at lus og andre sjukdomar spreier seg til villaksen. Slike anlegg vil kunne redusere førekomsten av lus, og dermed også redusere behovet for stressande og smertefulle behandlingar. I tillegg ville ein kunne samle opp slammet frå merdane som i dag vert spreidd i havet.
Utsleppsfrie anlegg ville vere positivt for omdømmet til næringa, og ei berekraftig oppdrettsnæring vil vere ein konkurransefordel i den globale marknaden. Oppdrettsnæringa bidreg til verdiskaping over heile landet.
Mange distrikts- og kystkommunar har fått verdifulle arbeidsplassar på grunn av næringa, og ein ser at desse gir positive ringverknader for mange lokalsamfunn. Samstundes er dette ei næring som har potensial for endå større utvikling, fleire arbeidsplassar og meir verdiskaping. SV ønskjer derfor at det skal stillast tydelege krav til oppdrettsnæringa.
Vi meiner at det er viktig å leggje om tildelinga av oppdrettsløyve, slik at prisen på vekst blir kraftig redusert, og innføre krav om null lus, null rømming og null ressursar på avvege for å få løyve til ny eller auka produksjon.
I tillegg må vi innføre krav om at all oppdrettslaks vert dobbeltmerka på ein måte som gjer at rømt fisk enkelt kan identifiserast og sporast. Men vi må og gjere noko med fiskevelferden. I dag er dødelegheita alt for høg.
I SV har vi tru på oppdrettsnæringa, men vi er tydelege på at drifta ikkje kan haldast fram på dagens måte. Vi må få ei næring som har tydelege barrierar mellom oppdrettslaksen og naturen rundt anlegga.