Airbnb gjer det vanskeleg å finne ein stad å bu

Airbnb gjer det vanskeleg å finne ein stad å bu

Airbnb og korttidsutleige av eit ledig rom eller når du sjølv er bortreist, kan vere ein kjempegod idé. Dessverre har det no blitt noko anna enn det starta som. I bygd og by opplever fleire og fleire at dei ikkje finn seg ein stad å bu. I Tromsø ser vi leilegheiter som blir lagt ut til «langtidsleige» frå april til oktober. På bygda kan vi sjå hus som står tomme store delar av året fordi dei blir utleigd som sommarhus og hytte. Desse bustadene blir fylt av turistar, heller enn av arbeidsfolk og studentar som vil delta i og bidra til lokalmiljøet.

Pål Julius Skogholt

Pål Julius Skogholt

Bli kjent med vår førstekandidat

Korttidsutleige endrar nabolaga våre

Det er ikkje turistane som tek ut søpla i blokka, som arrangerer dugnad og pyntar til jul, eller som arrangerer noko sosialt for nabolaget. Fastbuande fortel om meir uro blant dei attverande naboane, fordi ein aldri veit om naboen i kveld er eit hyggeleg par, eller ein høglydt gjeng som vil feste heile natta. Foreldre kjenner ubehag over at ungane er åleine heime etter skulen, når dei ikkje veit kven eller kva som møter dei i oppgangen.

Dette er løysingane vi treng:

  • Påleggje plattformselskapa å rapportere til kommunen om døgnutleige på kvar eining og prisen som blir betalt. Rapporteringa bør vere minst halvårleg og gjerne oftare.
  • Gi kommunane høve til å fastsetje reglar for kor mange døgn korttidsutleige skal vere lovleg, anten for heile kommunen eller delar av kommunen, og for ulike typar bustader.
  • Gi kommunane rett til å påleggje gebyr ved brot på reglane. Gebyret må stå i forhold til inntekta på utleiga og vere avskrekkande.

Alle skal ha ein god stad å bu

Ein uregulert bustadmarknad gjer det stadig vanskelegare for dei som står utanfor og ikkje kan få hjelp frå foreldra sine. Ein aktiv bustadpolitikk er eit av dei viktigaste midla vi har for omfordeling. Ifølgje SSB har gjennomsnittleg husleige for ei 3-roms leilegheit i Noreg stige med 12 prosent frå 2022 til 2024, medan prisstigninga elles var på 8,8 prosent.

Løysingane våre:

  • Byggje fleire bustader. Vi må kraftig auke løyvingane til bustadbygging, både gjennom Husbanken, fleire studentbustader, kommunale bustader og andre billegare leigealternativ for vanlege folk.
  • Gi fleire moglegheit for leige-til-eige.
  • Utvide rolla til Husbanken. Gi fleire mulighet til lån, til døms førstegangsetablerarer.
  • Husbanken skal gjenreisast som ein motor i sosial bustadpolitikk.
  • Auke bustøtta. Doblinga som har skjedd siden 2021 er noko, men ikkje nok.
  • Byggje fleire studentbustader, med mål om 6000 nye studentbustader årleg fram til ein nasjonal dekningsgrad på 30 prosent er nådd, slik at studentar får tilgang til rimelege bustader utanfor den private leigemarknaden. Dei 3000 nye boligane er ein start.

Lær mer om SVs politikk