Små forskjeller og arbeid til alle
Arbeid til alle er ei grunnleggande føresetnad for eit samfunn med små forskjellar mellom folk. Det er arbeid som er det beste verktøyet for å unngå fattigdom og for å gje menneska ein trygg plass i samfunnet. Derfor er arbeids- og næringspolitikken eit satsingsområde for SV.

Gjennom pandemien har regjeringa sørga for at det er dei største som har fått mest hjelp, medan dei mange små bedriftene i stor grad har blitt satt på bar bakke. SV har hatt ei heilt anna innstilling.
Dei største bedriftene har fått mest per tilsett frå regjeringa. Petter Stordalen fekk ei støtte på 50502 kroner per tilsett i sitt hotellimperium. På den andre sida har dei 99% av selskapa som har fått minst fått 6941 kroner per tilsett. Dei fleste i Noreg jobbar i mindre selskap, då er denne prioriteringa frå regjeringa heilt på trynet.
SV ville prioritere dei minste, ha forbod mot utbytte til eigarane dersom du fekk støtte og bruke meir av pengane til å omstille næringslivet til ei moderne og grøn framtid.
Det er ingen tvil om at om norsk industri og norsk næringsliv skal vinne i framtida konkurranse om pengar og oppdrag og dermed arbeidsplassar så må vi ha eit grønt skifte. Alle trendane går i retning av at dette blir viktigare og viktigare i framtidig konkurranse. Det betyr at om vi ikkje får til dette grønne skifte står framtidige arbeidsplassar og framtidig velferd i fare.
SV vil at vi skal bruke dei store pengane på dei store oppgåvene. Derfor har SV foreslått:
Grønn snuoperasjon
- Styrke finansieringa av grøne prosjekter, gjennom å oppkapitalisere Nysnø med minst 20 milliardar
- Direkte statleg eigarskap ved å etablere et grønt statleg investeringsselskap som bla skal investera i flytande havvind, bioindustri, karbonfangst- og lagring, batteriproduksjon, hydrogen og grøn skipsfart
- Slutte oss til framoverlente EU-prosjekt, som Important Projects of Common European Interest (IPCEI) innen batteriproduksjon og ta initiativ til nye etableringar innan flytande havvind, bioindustri, nullutslepp skipsfart, samt CCS, og komma tilbake med en statleg strategi for disse næringane.
- Vri offentlege innkjøp gjennom å endra lov om offentlege anskaffelser og gjera det gunstig for innovative og grøne innkjøp.
Grønn jobb- eller utdanningsgaranti
- Nasjonal sysselsettingsgaranti og jobbskapingsprogram. Behovet for arbeidskraft skal kartleggast og nødvendige tiltak for å møte desse behova skal. (Vurdera å) etablera ein garanti om jobb eller skolering for alle arbeidsføre i det grønne skiftet.
- Strategi for arbeids- eller utdanningstiltak for ungdom. Strategien skal ha både arbeids- og utdanningsretta tiltak, samt tiltak innan bustad, helsa og øvrig velferd. I tillegg skal det vere tiltak for å rekruttera ungdom i landbruk, fiskeri og reindrift.
